Oppdal Spell- og dansarlag er klare til å ta i mot gammaldansfolket frå heile landet. I over eit år har dei planlagt og organisert fram mot det som blir årets Landsfestival i Gammaldansmusikk neste veke! Dei erfarne arrangørane gler seg til nok ein gong å fylle Oppdal med gammaldans fem dagar til ende!

Påmelding

Påmeldingsfristen for Landsfestivalen 2017 gjekk ut i juni. I år er det om lag 600 av Norges fremste tradisjonsmusikarar og -dansarar som skal tevle i Oppdal 26.-30. juli - over 120 startnummer. Det er litt færre påmeldte i år enn dei siste to åra, men likevel godt med deltakarar.

-Det spesielt gledeleg å sjå at tal påmeldte dansarar held seg på eit stabilt nivå, seier Ingrid Schei Stuhaug, kappleiksrådgjevar i FolkOrg, i ei pressemelding.

Ein festival for dei danseglade

Frå Landsfestivalen i gammaldansmusikk starta i Førde i 1986 har interessa for festivalen vore stor, spesielt i Øst-, Vest- og Midt-Norge. Det er fjerde gongen festivalen vert arrangert i Oppdal. Sist gong Oppdal spell- og dansarlag arrangerte festivalen var i 2011.

Dei siste åra har ein endra litt på korleis ein legg opp konkurransane på dagtid, så nå er det mogleg å danse både til kvalifiseringane på dagtid, finalane på kveldstid, og til dansemusikk rundt om på festivalområdet når det ikkje skjer noko på konkurransescena. Ein kan altså svinge seg frå tidleg morgon og heilt ut i dei små nattetimar.

Comeback

Startskotet for Landsfestivalen blir opningskonserten onsdag 26. juli kl. 20.00. Der får vi høyre Oppdal spellmannslag, Sol i skuggeskog, Andreas Bjørkås trio, Nordafjells og trekkspillduoen Trond Svendsberget/Jo Fredrik Øiamo, alle grupper med lokal forankring i Oppdal.

Nordafjells var ei av gammaldansgruppene som prega Landsfestivalen tidleg på 2000-talet, og vann gruppespel under Landsfestivalen i Vågå i 2007. No gjer dei altså comeback under opningskonserten.

-Dette blir heilt klart ein variert konsert, og alle utøvarane kan vise til lange merittlister både innanfor gammaldans og andre sjangrar, seier Knut Erik Godtland, leiar for hovudkomiteen under Landsfestivalen i gammaldansmusikk i Oppdal.