Tradisjonsrik turmarsj
Søndag 1. august blir den tradisjonsrike Dovrefjellmarsjen arrangert for 41. gong. Turmarsjen går frå Grønbakken gard ved E6 mellom Hjerkinn og Kongsvold, langs den gamle kongevegen over Hjerkinnhø og ned til Hjerkinn fjellstue.
Kalender | ||
Bilder fra Oppdalspuls | ||
| Publisert 29.07.2010 kl 11:12 Oppdatert 29.07.2010 kl 11:18 |
DOVRE: Marsjruta er på åtte kilometer langs god sti i lettgått høgfjellsterreng, og egnar seg for både små og store. Dei ivrigaste har faktisk teke turen med trehjula barnevogn, utan at arrangørane vil tilrå dette særskilt.
Dovrefjellmarsjen har vore arrangert kvar sommar sidan 1970, og trekker ein stad mellom 800 og 1000 deltakarar kvar gong. Berre ein person har gjennomført alle 40 marsjane hittil, men fleire nærmar seg 40-talet. Gjennom ungdomslagsrørsla har turmarsjen vorte kopla til Aasmund Olavsson Vinje si vandring over fjellet saman med Malene frå Folldal ved kongereisa for 150 år sidan, seinare skildra i Ferdaminne frå sumaren 1860. I samband med 150-årsjubileet blir det difor i år eit kulturprogram med skodespel frå Ferdaminne og framføring av Vinjesongar på innkomstarenaen kl. 1400. Som vanleg blir det òg høgfjellsmesse i Eysteinkyrkja etter marsjen.
Dovrefjellmarsjen er eit tradisjonsrikt arrangement med røter i både ungdomslags- og naturvernrørsla. I fylgje statuttane frå 1970 skal det førast kartotek over deltakarane slik at alle blir registrert kvar gong dei går marsjen. Arrangørane setter si ære i å følgje opp dette, og kvart år kan vi hente fram gamle kartotekkort for personar som deltok en gong på 70-tallet og som nå kjem att. Det blir delt ut fine premiar for deltaking ved ”runde tal”, og for de med 25 gjennomførte marsjar og oppover ventar det ein serie handmåla porselensfat. Dovrefjellmarsjen: Tradisjonsrik turmarsj i høgfjellet søndag 1. august Side 2
Den første Dovrefjellmarsjen vart arrangert i 1970, men arrangementet har røter heilt attende til 1920-tallet. Like etter første verdskrigen var det stor aktivitet i svært mange ungdomslag i bygdene rundt Dovrefjell, og i 1923 drog eldsjeler i desse laga i gang et samlingsstemne «på Dovrefjellets høgste punkt». Frå 1932 vart opplegget for Dovrefjellstevnet meir fast kvart år, og det vart mellom anna bygd ein permanent danseplatting på Hjerkinn. Etter opphald under og like etter krigen vart det ny aktivitet frå 1951. Samstundes vart òg tanken om å bygge ei kyrkje på Dovrefjell lansert. I 1969 sto Eysteinkyrkja ferdig, og det vart arrangert eit stort stemne ved kyrkja dette året.
I samband med Naturvernåret 1970 vart den første turmarsjen arrangert i tilknyting til stemnet. Etter kvart har Dovrefjellmarsjen teke over som hovudarrangementet på Hjerkinn den første søndagen i august, og har etablert seg som ein særs godt besøkt turmarsj. Vi kan nemne at det mellom anna blir arrangert eigne bussturar frå bygder langt unna for folk som vil til fjells for å gå marsjen.
Arrangementet blir i dag drive av eldsjeler som ønskjer å føre vidare tradisjonen frå nesten 90 års aktivitet gjennom ei frittståande nemd med laus tilknyting til Noregs Ungdomslag. I fjor feira vi 40-årsjubileum for turmarsjen med historisk tilbakeblikk og ymse kulturinnslag ved innkomsten.
Dovrefjellnemda håpar på godt vêr 1. august, og ynskjer alle velkomne til fjells på turmarsj for 41. året på rad!
Kampstart om:
Web-TV Det er ventet at Earl vil svekke seg ytterligere mens den beveger seg i nordøstlig retning langs USAs atlanterhavskyst.
Se video her
Web-TV Israels statsminister Benjamin Netanyahu og palestinernes president Mahmoud Abbas holdt torsdag direkte samtaler for første gang på 20 måneder.
Se video her
Siste kommentarer