Eg meiner at di fleire innbyggjarar som engasjerer seg politisk, di betre fungerer demokratiet. Da seier det seg sjølv at færre aktive politikarar fører til større avstand mellom veljarar og politikarar. Men for stortingsval stemmer det nok. Dei samanslegne fylka som etter kvart heiter Trøndelag, vil vel ha like mange representantar på Stortinget som i dag. Å sette opp ei valliste vil vera ganske så greitt. Talet på representantar frå Trøndelag vil vera det same som i eksisterande Nord- og Sør-Trøndelag. Like mange personar som før er engasjerte i politisk arbeid på stortingsnivå. Demokratiet fungerer.

Fylkestinget i Trøndelag vil få færre representantar enn da det var Nord- og Sør-Trøndelag. Færre blir engasjerte i politisk arbeid. Demokratiet vil fungere dårlegare.

Enda dårlegare blir demokratisk påverknad ved samanslegne kommunar. Rennebu og Oppdal har i dag (04.05.2016) underteikna ei intensjonsavtale med tanke på å bli ein kommune. Det er antyda at 29 representantar får sete i eit kommunestyre beståande av dei gamle kommunane. Det vil seia at det blir 16 færre rennbygger og oppdalingar som deltek aktivt i lokalpolitikken enn i dag. At det blir færre lokalpolitikarar her sør i Trøndelag, er det ingen tvil om. Og da kan ein ikkje seia at demokratiet får betre kår i større kommunar.

Rennebu har under 3000 innbyggjarar, medan Oppdal ligg tett opp til 7000. Rennebu skal ha folkerøysting, og no har oppdalspolitikarane omsider bestemt seg for det same. Det vil truleg skje same dag ein dag i september.

Gjeldande valordning gjev veljarane høve til å kumulera. Det kan føra til at innbyggjarar i den største kommunen kumulerer kandidatar frå sin gamle kommune. Dermed blir det ei stor overvekt frå ein større tidlegare kommune. Og da har i alle fall demokratiet dårlege kår! Verstefallstenking, seier du? Tja, men absolutt realistisk. Mange kommunar opplevde det same ved førre kommunesamanslåing i 1965. Dersom folket i våre to kommunar ynskjer å slå seg saman, kan kommunestyret i den nye kommunen få stor overvekt av representantar frå den største kommunen. I dette tilfellet Oppdal.

Enda verre blir situasjonen der 5-6 kommunar tenkjer å slå seg saman. Nesset kommune i Romsdal hadde eit alternativ ved folkerøystinga som gjekk ut på å slå seg saman med fleire for å bli ein stor Romsdalskommune, med Molde som «hovudstad». I dag har kommunestyret i Nesset 21 representantar. Før folkerøystinga var det sagt at Nesset i ein stor kommune ville få 3-4 representantar i eit nytt kommunestyre. Og tilsvarande færre representantar i politiske utval. (Korleis desse tala kom fram veit eg ikkje). Dette fremmar i alle fall ikkje demokratiet!!

Eg meiner og trur folk flest set pris på å kjenna ein lokalpolitikar dei kan venda seg til når slik hjelp trengst. Større kommunar arealmessig og fleire innbyg-gjarar gjer at det blir lenger mellom kommunepolitikarane. Noko som fører til mindre demokrati.