Haust 2016. Overskrift  i avisa: «Voll skole legges ned» - det rislar kaldt nedover ryggraden min. Dette ser ut som alvor.

Tirsdag 10 januar 2017. Rislinga nedetter ryggen har vorte til ein istapp!

Rennebu kommunestyre har med eit  «knepp» misbruka sin tillit som folkevalte til å avgjera framtida for fleire grendesamfunn.

Eg sit denne kvelden 10 januar 2017 og ser TV –«Flukt» med Leo, og får vridd om på tankane og problema og perspektiva.

Kva er det vi slit med i vårt vesle paradis på jord? Skulenedlegging er «peanuts».

Så slår eg av TV’n og mi verd får plass i tankane mine att. Det er ikkje «peanuts» å ta slike avgjerder som det vart gjort denne dagen.

Det er heller ikkje greitt å vita at for framtida skal skulebarn som veks opp i ytterkantane av kretsane alt frå 6-7-8års alder reisa med buss i minst ein halv time - ein veg- heimatt skal dei og.

Dette vil seia ca. ein arbeidsdag i veka går med til  reising. Det er ingen som har peiling, korkje på Voll, Stamnan, Gunnes eller Berkåk- kanskje lengst sør på Innset- om kor strevsamt dette er.

Det er vanskeleg å tru på ordføraren vår som held fast på at han er ordførar for heile bygda når denne faktoren ikkje har vore teke på alvor. Heilt utruleg er det og å høyra at partipisken kan brukast så brutalt. Er det prinsipp eller makt som er avgjerande?

For ikkje alt for lang fortid sidan var det  bruka tid - kanskje pengar og -på prosjekt «Rennebu 3000». No trengs det ikkje så mykje strev på å desimera dette talet ytterlegare. For det er det tristaste med dette hasardiøse spelet som våre folkevalde har sett i gang - ungdommen tvilar på framtida i ei bygd utan skule i nærmiljøet, få butikkar og fråvær av lensmann.

Vi er ei lita bygd med dårleg økonomi.  Korfor i all verda vart ikkje framlegga om å legga på eigedomsskatten vedteke?  Korfor skal vi ikkje hjelpast åt? Vi som bur i utkantgrendene har ikkje stor meir å ofra til sentrum no.  Nokre skattekroner frå heile bygda for å redda skulane  våre ville vore eit flott bidrag!

Det vart sagt på ordskifte i kommunestyret at representanten framleis trudde det ville vera lys i glasa bortover grendene. Ja, enno så. Men ta gjerne ein tur utom sentra på lysdagen og sjå alle dei glasa det burde vera lys i. Det  er forstemmande å kjenna til alle tomme husa det kunne budd folk i. Denne avgjerda som no er gjort tvilar eg på resulterer i ei folkevandring åt Rennbuom.

Venleg helsing ei trist og lei seg bestemormor.