I skulestrukturdebatten i går 10. januar, referert i Opdalingen i dag, 11. januar, kjem du med dette utsagnet: «Vi sa nei til kommunesammenslåing og dermed kommer vi i dagens situasjon...»

Om kommunestyret sitt vedtak i haust hadde vore ja takk til samanslåing med Oppdal, kva for tal hadde du da kome med i di innstilling til kommunestyret?

Tal som hadde synt at økonomisituasjonen pr. 2017 var slik at skulane og barnehagane på Innset og Voll kunne halde fram til samanslåinga var ein realitet i 2020, m.a. med dei bygningsmessige kostnadene som har vore skissera. (Eg har høyrt fleire tal mellom 7 og 25 millionar kroner.)

Og har det vore nemt skulestruktur i samtalane med Oppdal, slik at politikarar og administrasjon hadde tru på at desse grendaskulane ville eksistera i ein storkommune?

Slikt er som sagt i debatten i går «ferskvare», men noko må du ha hatt i tankane når du så sterkt hevder at Rennebu-nei er einaste årsaka til skule- og barnehagenedlegging.

Eg ser gjerne at du svarer meg offentleg, gjerne i avisa, og med talmateriale og faktaargument.