I eit lesarinnlegg i "Opdalingen" viser Marit Gorsetbakk til ei utsegn frå meg i skulestrukturdebatten  om at "Vi sa nei til kommunesammenslåing og dermed kommer vi i dagens situasjon....." og spør kva eg har i tankane når eg så sterkt hevder at Rennebu-nei  er den einaste  årsaka til skule- og barnehagenedlegging.

Utsegna fall då eg kommenterte krava frå både innbyggjarar og kommunestyret om at meir måtte kuttast i administrasjonen. Eg er samd i at tenester  innan barnehage, skule og helse er viktigare enn administrasjon, og i økonomiplanen er det reduksjon i dei administrative tenestene kvart år.  Eg påpeikte likevel  at vårt nei hadde redusert  desse moglegheitene, og i ein kommune med nedgang i barnetal og auka antal eldre blir diverre skular og barnehagar utsette.

Eg har aldri hevda at nei til kommunesamanslåing er den einaste årsaka til skule- og barnehagenedlegging. Låge kraftprisar og nedgang i folketal er dei viktigaste årsakene. Eg meiner likevel at det ville ha vore enklare for oss å løyse denne stoda med ei kommunesamanslåing. Med det ville vi og hatt betre økonomi i 2017, men det er særleg dei langsiktige verkningane eg vektlegg.

I 2017 ville Rennebu fått vel 1 million kronar meir enn i dag gjennom auka rammetilskot og andel av regiontilskot. Dette ville ha auka i åra deretter. Samanslått ville kommunane i fleire år hatt betre innkome, men eg vektlegg like mykje dei moglegheiter vi ville hatt til betre  samordning av drifta.

Fylkesmannen hadde i RennebuNytt sitt temanummer om kommunereforma ei utgreiing om dei økonomiske rammene. Dei gjentek han i  OPP  3. november 2016 kor avisa mellom anna skriv : "Nå kommer den økonomiske virkeligheten sigende innpå politikerne i de to kommunene som i følge fylkesmannens beregninger gikk glipp av en samlet effekt på nærmere 350 millioner de neste 20 årene. I dette ligger det en effektiviseringsgevinst i drift på 10-15 millioner kroner årlig".

Videre peikast det på at kommunane allereie i 2017 ville fått utbetald 30 mill. kronar. Av dette er 25 millionar kroner eingongstilskot/reformstønad som sjølvsagt skal brukast i omstillings- og samanslåingsprosessen. Det er fleire fagområde det hadde vore gunstig med eit samarbeid innafor, men om omstillinga ville ha kome igang i 2017 veit vi ikkje. Det kan sikkert drøftast om kommunane hadde klart å ta ut den gevinsten fylkesmannen peikar på, og vi vet heller ikkje kva dei ville blitt brukt til. Men eg meiner bestemt at dette i åra som kjem hadde gjeve oss heilt andre moglegheiter enn når vi som no må gjere tiltaka åleine.

Gorsetbakk spør og om skulestruktur vart nemnt i samtalane med Oppdal. I intensjonsavtalen står det at tenestene skal "være lokalisert i nærheten av der folk bor" og også "ha sterke livskraftige grender i tillegg til de to sentrene Berkåk og Oppdal". Dette er sjølvsagt ingen garanti mot framtidige skuledebattar, men som sagt meiner eg at sterkare økonomi og betre samordningsmoglegheiter ville ha gjeve framtidige politikarer større valmoglegheiter enn vi har åleine.

No er beslutningane når det gjeld kommunesamanslåing teke og eg vil sjølvsagt forhalde meg til dei økonomiske rammene og andre føresetnader som gjeld for oss som eigen kommune utan å se til kva som kunne ha vore alternativet.