Da nye E6 gjennom Oppdal vart opna utpå hausten for snart 2 år sidan, var det ein folkefest utan like i sentrum.

Ordføraren i all sin prakt som kutta snora, korpsmusikken som klang gjennom bygda, og kaffi og kaker til alle som hadde møtt opp.

«Ein merkedag i Oppdals historie» uttalte daverande ordførar Ola Røtvei til rikskringkastinga som hadde møtt opp for høve. Joda, for all del, den dagen politikarane i Oppdal igjen må planleggje ein ny E6 gjennom bygda, kjem vi til å sjå attende på den dagen å tenkje «Kva var det vi tenkte på?», så i den dur var kanskje opningsdagen ein merkedag.

E6 gjennom Oppdal vart mest sannsynleg den siste av sitt slag òg, samferdsledepartementet har vore klare på at hovudfartsåra ikkje lenger skal byggjast med rundkøyringar, og at han i så stor grad som mogleg skal leggjast utanom (eller under) byar og sentrum. Prislappen for å flytte den nye vegen eit par meter vart på 345 millionar kroner, og når resultatet vart så middelmåtig som det vart, vil eg driste meg til å påstå at det var pengar ut vindauget.

Misforstå meg rett, kanskje var det ei lita forbetring, problemet med Oppdal har vel alltid vore at ting skal kranglast om i årevis før politikarane oppnår eit forlik ingen eigentleg er nøgde med. Resultatet vart ein veg med tre ørsmå rundkøyringar og ei lokalbefolkning som i følgje Svein Skepsismoen må «omtrent oppå Sæsshæua for å kåmmå se på Rema». For det har Per Voldens revykarakter rett i, midtrabatten mellom Aunasenteret og banken har gjort Oppdal sentrum til ein einaste stor sauesti, der folk køyrer på kryss og tvers for å kome seg dit dei skal. «Abakle» er eit dialektord som godt kan summere opp korleis nye Auna har vorte. Alle vegar fører til Rom, bortsett frå i Oppdal, her fører alle vegar til Domus.

Planlegginga av den nye E6-en gjennom Oppdal vart vel starta på midten av 80-talet, mange år før eg i det heile tatt var påtenkt. Allereie da var det fleire som ønskja seg ein veg lagt i tunell under sentrum, ikkje overraskande vart den ideen snøgt drepen. Synd, for eg tenkjer med glede på kor fint eit sentrum vi kunne fått viss datidas politikarar hadde hatt litt guts, og tenkt litt framover.

For to veker sidan kom samferdsleminister Ketil Solvik-Olsen (FrP) på vitjing til Oppdal. Han sa at han meinte nye E6 er eit godt døme på at kommunepolitikarane har fått bestemme for mykje.

Sjølv om det er viktig at kommunane har ein finger med i spelet, trur eg resultatet hadde vorte betre om dei som faktisk tek rekninga får ta dei endelege avgjerdene.

Med den trafikkveksten vi ser i dag, kan eg garantere at om nokre år vil alle kommunepolitikarane sjå at løysinga var dårleg og at ein ny veg må byggjast, og da kjem ein ny 20-årig lang kranglesituasjon til å løyse seg ut om korleis vegen skal byggjast og kor han skal vere.

Når den tid kjem håpar eg departementet grip inn og rett og slett bestemmer korleis det skal bli, for kommunepolitikarane kjem ingen veg, og da blir det ingen veg.

Om vegen hadde vorte lagt i kulvert, ville vi kunne utnytta areala våre i mykje større grad enn det vi gjer i dag. Det byggjast og restaurerast i sentrum, og bra er det, men om vegen ikkje hadde lege der han ligg no, kunne vi ha hatt store, fine grøntareal og praktiske parkeringsplassar med gangmoglegheiter mellom butikkane og parkane.

Å vise veg til turistar som kjem til Oppdal i sommar har vist seg å vere ei umogleg oppgåve, rett og slett fordi ingen av oss som bur her ein gong veit kor ein skal gå får å kome seg fram lengre.

Dessverre var frykta for at folk skulle køyra forbi om vegen hadde vorte lagt i kulvert for stor til at det vart gjort. Eg trur ikkje det hadde vore eit problem, om kommunen hadde satsa på marknadsføring og spelt korta sine riktig hadde det vore ein fordel for Oppdal, ikkje ein ulempe som enkelte vil ha det til. Eg forsøker ikkje å starte ein ny E6-debatt her, det får vi vente nokre år med, tvert i mot freistar eg berre å kome med eit skråblikk på korleis sentrum skal bli, eg er redd Auna vil ende opp som ein einaste stor parkeringsplass.

No, når anleggsmaskinane går for full fres gjennom sommaren, gler eg meg til arbeida er ferdige slik at vi får sjå det endelege resultatet. Oppdal skal vere stolt av skifertradisjonane her i bygda, samstundes meiner eg at å kle alt med skifer gjer sentrum firkanta og keisamt.

Skifer er fint det altså, men alt med måte. Eg fryktar at sentrum ikkje vil bli ei perle i verdas vakraste bygd, men i staden bli ei vorte i andletet til bøgda over alle bøgde.