I fjor haust skreiv eg eit innlegg i lokalavisene om fråværsgrensa med tittelen «Slutt med sutringa og dra på skulen!». No, etter at fråværsgrensa har vore gjeldande i eit skuleår, har dei foreløpige tala kome ut, og resultatet er enormt bra. Berre i Oppdal har fråværet i skuleåret 2016/2017 gått ned med 16,6 prosent samanlikna med skuleåret 2015/2016. På landsbasis har nedgangen for dagsfråvær gått ned med 40 prosent, medan fråvær i enkelttimar har gått ned med 33 prosent.

Eg vil eigentleg ikkje vere hovmodig, men altså: kva var det eg sa? I saka om fråværsgrensa har politikarane vore tøffe; det måtte altså ei regjering med Framstegspartiet og Høgre til for å forstå at å stille krav til elevane gjev gode resultat. Sutringa frå diverse interesseorganisasjonar held likevel fram, skjønt dei har berre tomme argument, resultata står jo svart på kvitt.

Eg skulle ønskje norske politikarar var like tøffe i andre saker, men for å kome med nok ein liten brannfakkel er dei alle fleste politikarane i Noreg for feige til å gjere noko med dei verkelege utfordringane her til lands. For vi har det bra i kongeriket, for bra vil kanskje nokon seie. Sjukeløna er eit godt døme på kor bra vi har det her. I Noreg har vi verdas beste sjukelønsordning, vi ligg òg på topp i sjukefråværet blant land vi samanliknar oss med. Det er naivt å tru at det ikkje har ein samanheng.

For nokre månader sidan tok dei aller fleste ungdomspartia i Noreg til orde for å kutte i den sjenerøse sjukelønsordninga i Noreg. Unntaka var, ikkje akkurat overraskande, AUF og Sosialistisk Ungdom. Det er vi som ungdom som må ta rekninga for at vi i dag har 100 prosent sjukeløn frå første dag med sjukefråvær; dagens ordning er rett og slett ikkje berekraftig. Når det kvart år blir satt av over 40 milliardar kroner i statsbudsjettet for å betale sjukepengar over folketrygda, da er det noko som er riv ruskande gale.

Eg ønskjer ikkje å rasere velferdsstaten, det å foreslå kutt i sjukeløna er heller ikkje eit forslag som rammer dei svakaste i samfunnet. Har du jobb, men ligg heime med farang, er du ikkje ein av dei svakaste, snarare tvert i mot. Å kutte i sjukeløna med ein 10-30 prosent vil gje oss ein formidabel nedgang i sjukefråværet. Legg ein inn eit par karensdagar attpåtil, vil terskelen vere mykje høgare for arbeidstakarar som ringjer inn sjuk på jobb, når dei kanskje eigentleg berre er litt fyllesjuke. Eit slik tiltak vil gjere velferdsstaten berekraftig for både min generasjon, og generasjonane som kjem etter meg. Konsekvensane av den politikken som blir ført i dag vil til slutt ende med at min generasjon må oppleve så mykje som ei halvering av sjukeløna, og det berre fordi dagens politikarar er for feige til å gjere noko med problemet.

Eg kan for så vidt sjå kvifor dei ikkje får ut fingeren. Å gå til val på kutt i velferdsordningar er, som formannen i mitt eige ungdomsparti FpU sa: «veljarteknisk utfordrande». Oss vanleg døyelege kallar det for det det er: upopulært, og det er nettopp det som er problemet med norsk politikk. Politikarar frå alle parti, utan unntak, har kanskje vorte for opptatt av sine eigene posisjonar til å tørre å stå for ein politikk som etter alt å dømme kjem til å bli nødvendig i åra som kjem. Dei skyv problema anten under eit teppe eller framom seg til neste generasjon tek over.

No er ikkje akkurat kutt i sjukeløna noko nokre parti går til val på, som nemnt hadde jo det vore eit politisk sjølvmord av dimensjonar, men eg som er ung, kanskje litt dum, og som ikkje stiller til val sjølv kan faktisk seie at eg trur dette er vegen å gå, og som vi har sett er eg ikkje åleine, storparten av ungdomspartia er jo samde om dette.

Eg trur uansett ikkje det kjem til å bli gjort noko med på mange år enda. Når dette valet er over, og Høgre og Framstegspartiet forhåpentlegvis får fire nye år, kjem ikkje dei til å gjere noko med ordninga, og det gjer heller ikkje Arbeidarpartiet & co, viss dei mot all formodning stikk av med sigeren.

Eg er redd sjukelønsordninga kjem til å tappe statsbudsjettet og skattebetalarane for pengar fram til min generasjon har vorte vaksne og tek over styringa av landet. For kutta må kome. Eg ynskjer ikkje å høyrast egoistisk ut, men eg vil at min generasjon skal ha eit like godt liv som generasjonane før meg, så langt det let seg gjere, og da er kutt i sjukeløna eit steg vi må ta for å sikra velferda i åra som kjem.

No kjem eg garantert til å få kommentarar som «skattelette til dei rike på rekninga til dei fattige», men det var faktisk ikkje skattelette til dei rike som gjorde at eg vart interessert i politikk. Dette handlar om noko mykje meir enn det, at velferdsstaten framleis skal eksistere. Vi kan ikkje auke skattane til dei er himmelhøge som dei sosialistiske partia vil, vi må gjere endringar i systema for å sikre velferd i mange år framover, skatteauke er ikkje løysninga på alle problem. For laust å sitere Margareth Thatcher: «Problemet med sosialisme er at du til slutt går tom for andre folk sine pengar».

Så kva har fråværsgrensa og sjukelønsordninga til felles? Sett bort i frå det openbare, elevar skal møte opp på skulen i like stor grad som arbeidstakarar skal møte opp på arbeid, så trur eg det på same måte som fråværsreglementet vil hjelpe å setje små krav til den enkelte arbeidstakar. Det skal ikkje vere forbydt å bli sjuk, men å tenkje at staten skal ta rekninga for ei omgangssjuke vitnar om at vi i Noreg byrjar å bli for bortskjemde. Og det gjeld oss alle, meg sjølv inkludert.