Valkampen er no, heldigvis, inne i si siste veke. Eg trur ikkje eg er den einaste som gler meg til heile sirkuset er over. For eit par månadar sidan var eg redd vi kom til å sjå heilt amerikanske tilstandar under valkampen i Kongeriket, heldigvis har ikkje skitkastinga blant våre folkevalde gått riktig så langt.

Eg er glad eg bur i eit land der vi kan ha ein folkeleg tone med dei vi er usamde med. Eg er glad eg bur i eit land der det er ei sjølvfølgje at folket får vere med å avgjere kven som skal representera dei i nasjonalforsamlinga dei neste fire åra. Eg er glad eg bur i eit land der eg blir respektert av mine meiningsmotstandarar, og der eg respekterer dei attende.

Skilnadane er ikkje store i Noreg, dei er tvert i mot ganske små. Mitt inntrykk er at dei aller fleste partia er ganske samde i kva vi ynskjer for landet vårt, vi er berre litt usamde i korleis vi skal løyse utfordringane vi står ovanfor.

Når valdagen no nærmar seg med stormskritt håpar eg så mange som mogleg tek seg tida til å røyste. Spesielt viktig er det at vi i den yngre garde nyttar oss av røysteretten vår. Uansett kva for regjering vi får dei neste fire åra, kjem ho til å forme liva våre i mange tiår framover. Da er det dumt å kaste bort moglegheita til å vere med å påverke politikken som skal styre landet.

No, når valkampen snart er over, er det tydeleg at politikarar frå alle parti klargjer sluttspurten. Det kan vere vanskeleg å halde tritt, sjølv for dei av oss som er litt over gjennomsnittet interessert. Men korleis har eigentleg dei siste fire åra gått? Har jomfruturen til Framstegspartiet i regjering vore vellukka?

Ikkje overraskande, så vil eg seie at han har vore det. Vi ser ein optimisme i landbruket, FrP har syrgja for at færre gardsbruk blir lagde ned enn under dei raudgrøne. Ein vanleg familie har fått i gjennomsnitt åtte tusen kroner i skattelette, kroner som kjem godt med for dei fleste. For første gong får bilistane att meir i utbygging og vedlikehald enn dei betalar i vegrelaterte skattar og avgifter. Helsekøane går markert ned.

Takka vere Høgre og Framstegspartiet i regjering har folk flest fått ein enklare kvardag, folk flest har fått behalde litt meir av sine eigne pengar, Kongeriket Noreg har ikkje gått under for den del, tvert i mot.

Når Arbeidarpartiet går til val på at dei vil prioritere «eldre og skule i staden for skattekutt til dei rikaste» er det altså den vanlege familien det kjem til å gå utover. For sjølv om skattane under Høgre/FrP-regjeringa er kutta med i overkant av 22 milliardar kroner, har skatteinngangen auka med 65 milliardar kroner.

Vi byggjer altså meir veg, satsar på sjukeheim, kuttar helsekøane og styrkar forsvaret, samstundes som den gjennomsnittlege familien får behalde litt meir av si eiga inntekt. Eg er stolt av det, eg er glad vi i dei siste fire åra har hatt ei regjering som prioriterer eldre og skule, i staden for skatteauke for folk flest.

Det er altså mogleg å få i både pose og sekk, men da må Framstegspartiet halde fram i regjering.

I dei siste dagane av valkampen kjem nok påstandande til å flyge frå eine sida til den andre, slik eg ser det er det berre ein ting som er sikkert: valet er ikkje avgjort.

Stortingsvalet 2017 kjem mest sannsynleg til å bli eit særs jamt og spanande val, kvar einaste røyst tel. Ein tidels prosent kan vere tunga på vektskåla om vi får fire nye år med ei styringsdyktig og handlekraftig borgarleg regjering, eller fire år med Arbeidarpartiet, SP, SV, MDG og Raudt ved roret.

Eg, som hardnakka FrP-ar, håpar sjølvsagt at alle uansett alder røystar på Framstegspartiet, men eg har faktisk såpass grep om realiteten at eg veit vi ikkje får 100 prosent oppslutnad, verken i Oppdal, Sør-Trøndelag eller nasjonalt. Det viktigaste er, trass alt, at alle nyttar seg av røysteretten, kva vi røystar får kome i andre rekke.