Hausten er komen. Martna’n er over, skuleåret har starta. Og i år skal alle grunnskuleelevane i Rennebu ha skuledagen på Berkåk. Til stor fortviling, frustrasjon og sinne for mange. Årsak til hurtighandsaming og hastevedtak om nedlegging av to velfungerande skular? Negativ endring av kommuneøkonomien ifølge rådmann/politikarar.

Det vi i daglegtale kallar dårleg råd. Eit anna argument for Voll skule var dei hygieniske tilhøva i kjellaren i mellombygget, noko det har vore varsla om fleire gonger, men ikkje vorte ansa – før nett no da, når det høvde så godt! Det var i alle høve det som vart sagt på dei opne møta i forkant av den brå nedlegginga.

Så dårleg råd hadde vi at Voll skule ikkje kunne få drive eit år til slik at ein ev. privatskule kunne ta over utan miljøskifte for ungane. Og brått og hastig måtte det takas grep for å setje skulen på Berkåk i stand til å ta imot dei 80 nye elevane, som det i utgangspunktet ikkje var plass til, og der klasseromma enno ikkje er ferdige. Det vart nok ikkje gratis, vil eg tru.

Og no vil eg ha ein rekneskap over kva det har kosta å:

• Pussa opp og tilretteleggja klasserom på Rennebu skole.

• Tøme, pussa opp og tilretteleggja biblioteket for undervisning. Medrekna: verdien av alle dei bøkene som havna i søppelkonteiner i Berkåksmoen av di dei ikkje fekk plass i nybiblioteket. (Joda, dei hadde verdi!!)

• Leige, oppussing og innflytting av biblioteket i nye lokale. Dette er ikkje klart enno, men eg vil ha eit reelt anslag.

• Rydding,tøming og flytting av utstyr frå Voll og Innset skular til Berkåk. Medrekna tid lærarar, vaktmeister, kontorpersonale bruka. Det synes ikkje i lønnskostnadane, men må likevel reknas med. Kanskje vart det kasta her og.

• Opprette ei ny mellomleiarstilling på den nye Rennebu skole. Ev. andre lønsjusteringar for endringar i ansvar/arbeidstilhøve.

• Riva mellombygget på Voll – slik at vi ikkje har eit kjøken for 17. mai- og juletrefestar, martnaslefsesteiking og andre aktivitetar. Dette er heller ikkje gjort, eg vil her og ha eit reelt anslag.

Det er eit tankekors, og svært ironisk, at i same kommunestyremøtet der søknaden frå Voll skule om eit års fortsatt drift vart avvist, vart det vedteke kjøp av ei tomt på Berkåk. Det må ha vore eit akutt behov for denne tomta, for 5 millionar kr. fantes på flekken, trass i dårleg råd. Det var vel til eit viktig føremål, langt viktigare enn at ungane får gå på skule i nærmiljøet sitt. Det skal bli rart å sjå kva for bygg som kjem der.

I budsjett og rekneskap er det lett å pynte på og gøyme bort tal. Dei reelle tala i denne saka finnst sikkert i fakturaer eller kan ærleg reknas ut erfaringsmessig. Det er dei tala eg vil ha.