I dei siste par månadane har eg tenkt mykje på kor ille vi faktisk har det her til lands. Kor forferdeleg eit samfunn vi lever i. Det er som om det kvar veke kjem nye saker inn i media som tydeleg illustrerer kor uuthaldeleg det er å vere nordmann – kvar dag er eit slit.

Det heile byrja vel i midten av oktober. Då bestemde finansministaren, Siv Jensen (FrP), seg for å dra på ein liten temafest i finansdepartementet. Temaet var «ville vesten», og tilstandane i kommentarfelta dagane etterpå kan vel trygt beskrivast som heilt Texas. Nyheitsbiletet var i fleire dagar prega av det forferdelege statsråden hadde gjort på fest; ho hadde kledd seg i eit indianarkostyme. Krise!

Om det ikkje skildrar dei forferdelege norske tilstandane så veit ikkje eg. Indianarar med norske slektningar, sametingsrepresentantar, og skodespelarar reagerte med harme over at ein norsk politikar kunne finne på noko så fælsleg.

Parallellane vart fort drege over til dei amerikanske statane, der det å kle seg i imitasjonar av urfolk sine drakter faktisk har vore ein debatt i ei god stund. Det faktum at Noreg og USA er to heilt forskjellige land (Takk Vårherre for det!) var vist ikkje så viktig. Nei veit du, spør du meg er dette eit døme på at Noreg er eit heilt forferdeleg land å bu i.

For ikkje så lengje sidan laga Tine sine tradisjonelle mjølkekartongar med julemotiv på. Vi er vel alle samde om at det ikkje ga oss julestemning. Der hadde dei nemlig lagt til ei lita teikning av ein ulv. Ja, du leste riktig – ein ulv.

Eg kan berre prate for meg sjølv, men det var noko av det mest hjartelause eg nokon gong har sett. Kommentarfelta rant rett og slett over av folk som kjente seg krenkt. «Eit hån mot mjølkeprodusentar», «Total skivebom, ein provokasjon!» var nokre av kommentarane. Enkelte meinte at dette gjekk på bøndene si mentale helse laus.

No skal ikkje eg kaste meg inn i ulvedebatten, men eg trur vi trygt kan slå fast at det er noko alvorleg galt med det norske samfunnet når ei teikning av ein ulv på ein mjølekartong er nok til å øydeleggje den mentale helsa til ein sauebonde. Å snu mjølkekartongen slik at ein ikkje ser ulven er jo rett og slett ikkje praktisk mogleg, så her må leiinga i Tine forlate stillingane sine spør du meg.

Nominasjonsprosessen til nobelkomiteen er jo eit kapittel for seg sjølv. Her har Stortinget krangla i fleire veker om dei skal gje Carl I. Hagen ein plass i Nobelkomiteen – komiteen som skal dele ut Nobels fredspris i åra som kjem. Ikkje overraskande var det oppskrift på opprør. I staden for å fokusere på dei fredsforkjemparane ute i verda som kan vere aktuelle for prisen, kranglar altså norske politikarar om kven som skal få plassen på komiteen dei neste fem åra.

Nok eit døme på kor forferdelege dei norske tilstandane er. Her er det så ille at vi ikkje ein gong kan tenkje på den uretten som føregår utafor våre grenser, her må vi ta tak i dei utfordringane vi sjølv står ovanfor først.

Sjølv om eg er FrP-ar har eg full forståing for at Carl I. Hagen til tider kan vere ein noko kontroversiell figur. Eg finn det uansett særs spesielt at eit slikt verv plutseleg er så viktig for folk flest her til lands, at redaksjonane omtrent vel å sende ekstra nyheitssendingar når noko nytt skjer i saka.

I dei siste månadane har vi sett fleire døme på kor forferdeleg vi har det. Northug vart ikkje teken med til Kuusamo – nok ein gong kokte kommentarfelta. Nasjonalt opprør over at ein trøndsk skiløpar ikkje får gå eit skirenn, det trur eg vi kan klassifisere som essensen av norske tilstandar.

Det hjelp liksom ikkje at SN i fleire år på rad har kåra Noreg til det beste landet i verda å bu i. At Noreg har eit tilnærma gratis helsevesen, at alle born uansett bakgrunn får gratis utdanning eller at vi har eit fungerande demokrati med folkevalde representantar. Gje oss ein ulv på ein mjølkekartong, ein statsråd i eit indianarkostyme, eller auka sukkeravgifter og alt anna blir kasta ut vindauget.

Med mine litt variable mattekunnskapar har eg rekna ut at det er 0,07 % sjanse for å bli født i Kongeriket Noreg. Eg forbannar meg sjølv, tenk slik uflaks! Så mange andre land ein kunne vorte født i, var altså Noreg landet der eg ende opp. Nei, her er det faktisk så forferdeleg å vere at eg kjøper første flybillett ut herifrå.

Eg ønskjer ikkje å virke som ein utakksam idiot, men eg meiner det bør vere eit tankekors om kva vi brukar tida vår på. Eg seier heller ikkje at fordi andre land har det forferdeleg så kan vi ikkje oppleve ting som ikkje er bra her til lands. Poenget mitt med dette lesarinnlegget er at kanskje kan det vere ein ide å fokusere på dei meir viktige tinga, i staden for slike «småting».

I staden for å klage over at Tine teikna eit rovdyr på mjølkekartongen, kan det vere ein ide å diskutere korleis det norske landbruket skal omstille seg for framtida? I staden for å føle seg krenkt fordi ein statsråd hadde på seg eit indianarkostyme, kanskje det kan vere ein ide å prate om den jobben statsråden gjer i staden? Og i staden for å diskutere Carl I. Hagen på innpust og utpust, kanskje vi i staden bør prate om kven som har gjort seg fortent til Nobels fredspris neste år?

Viss vi gjer det i staden, trur eg vi alle får eit mykje betre liv. Det er ikkje nødvendig å irritere seg over kvar minste detalj. Noreg er verdas beste land å bu i, men det skulle ein ikkje tru viss ein les avisene for dagen.