Sharing is not caring – Nei er nei!

Eg har, for å seie det mildt, forholdsvis lite sympati med desse overgriparane.

Insistent man trying to get sex and his worried girlfriend denying on a couch in the night at home 

La meg berre vere heilt klar. Å dele intime bilete av andre er ikkje lov!

Meninger

Dei siste dagane og vekene har saka om seksuelle overgrep i Hollywood spreidd seg som eld i tørt gras. Fleire prominente mannfolk i den amerikanske filmindustrien har i praksis øydelagt heile karrieren sin på bakgrunn av seksuelle overgrep dei har gjort seg skuldige i. Eg har, for å seie det mildt, forholdsvis lite sympati med desse overgriparane. Etter saka i Hollywood vart rulla opp, har fleire kjendisar i vesle Noreg stått fram med sine historier. Journalisten Alexander Schau kasta seg inn i debatten med 24 twitter-meldingar der han fortalte historier om seksuell trakassering i den norske nyheitsbransjen. Eg blir kvalm av å lese desse skildringane. Om kvinner som blir kasta veggimellom av respekterte og prominente mannfolk på julebord. Om folk som utnyttar posisjonane sine til å gjere seksuelle overgrep på unge og lovande kvinner og menn. Eg blir rett og slett kvalm.

Men overgrep skjer ikkje berre på julebord, på kontoret, eller i ei seng. Denne veka var handballspelaren Nora Mørch i nyheitsbiletet etter nokon hadde hacka seg inn i mobiltelefonen hennar, stole private bilete av ho og delt dei på nettet. Du kan sjå for deg sjølv, viss private og intime bilete av deg sjølv du hadde på telefonen din plutseleg dukka opp på Facebook så heile verda kunne sjå dei? Trur ikkje det hadde vore så artig, for å seie det sånn.

Det å halde nokon opp etter veggen og tvinge seg på dei, er nok noko alle av oss er samde om er eit overgrep. Men slik eg ser det, er det å hacke ein telefon og spreie private bilete av nokon òg eit overgrep. Eg er glad for at Nora Mørch står fram og fortel si historie i denne saka. På den måten vil vi få eit fokus på dette, eit fokus som diverre har mangla dei siste åra. Kanskje fordi dette er ein så «ny type» overgrep at mange ikkje heilt forstår kva det heile går ut på.

Nora Mørch er eit førebilete for mange unge gutar og jenter der ute, det at ho står fram er eg sikker på vil hjelpe fleire med å søkje hjelp i liknande saker. Saka om Nora er nemleg ikkje eineståande. Mange unge menneske av begge kjøn har opplevd slike overgrep, dei sakane vi ser i media er berre toppen av isfjellet.

Men engasjerer folk flest seg i denne saka? Mitt inntrykk er at min generasjon gjer det, men at mange i generasjonane over meg ikkje heilt forstår poenget. Eg høyrde blant anna nokon seie at det var Mørch si eiga skuld, fordi ho sjølv tok bileta. Altså, hallo! Kva om det var dottera eller sonen din som fekk slike bilete av seg sjølv lagt ut på nettet?

Nora Mørch gjorde eit modig opprør mot ein aukande trend. Ni av ti 10-åringar har i dag ein eigen smarttelefon. Då eg var 10 fantes ikkje smarttelefonar. Eg er 21 no. Med andre ord har utviklinga gått forrykande fort, det er ikkje rart at folk har vanskeleg for å halde tritt. Svaret på desse problema er ikkje å stå i mot utviklinga, men i staden å halde seg oppdatert på ho.

Slik eg ser det, trengs det ei haldningsendring i samfunnet vårt. Eg spør meg sjølv, kva for samfunn vil eg at Noreg skal vere i framtida? Kva for samfunn vil du at dine born skal vokse opp i? Eg vil ikkje leve i eit samfunn der kvinner og menn blir sett på som enkle bytte av meir respekterte menneske, eller i eit samfunn der unge gutar trur det er greitt å dele intime bilete av andre utan samtykke, eller i eit samfunn der ein kan gå ustraffa etter å ha gjort seksuelle overgrep.

Slik eg ser det er denne haldningsendringa allereie i gang. Dei fleste av oss har sikkert lagt merke til emneknaggen #metoo, der dei som er utsette for overgrep fortel si historie, for å fortelje andre at dei ikkje er åleine. Eller emneknaggen #stilleforopptak, der over 500 norske, kvinnelege skodespelarar tek eit oppgjør mot seksuell trakassering i filmbransjen. Det er ei byrjing, og ei god ei. Men det er ikkje gjort over natta å endre slike haldningar. Fleire må tørre å stå fram med si historie, noko som forståeleg nok ikkje alltid er like lett.

La meg berre vere heilt klar. Å dele intime bilete av andre er ikkje lov! Det er eit overgrep som kan øydeleggje ungdomstida, sjølvbiletet, ja – heile livet til nokon. Forresten er det i følgje Høgsterett straffbart som heleri òg, berre så det er sagt.

Dei siste vekene har lært oss mykje om det som skjer bak lukka dører. Vi må tørre å prate om desse tinga. Lærarar må ta opp desse hendingane i klasseromma. Foreldre bør, uansett kor ubehagelig det kanskje er, prate om dette rundt middagsbordet. Det er den einaste måten vi kan få kontroll over denne utviklinga.

Eit nei er eit nei. Og «sharing is not caring».