Høgre sine stortingsrepresentantar har send ut eit lesarbrev i landet med litt ulike overskrifter og signaturer, om at dei no tek grep for fylkesvegane.

Her i Opdalingen er overskrifta «det må byggjast meir fylkesveg». Det er vel ikkje å bygge meire fylkesveg vi treng, men å ruste opp dei fylkesvegane vi har. Forslaget Høgre syner til i sine i sine lesarbrev kom opp som eit motforslag til Senterpartiet sitt dokument-8 om å etablere eit nasjonalt fylkesvegprogram, som skulle kunne ta ned det store vedlikehaldsetterslepet på fylkesvegane.

Dette kunne ikkje regjeringspartia med støttepartiet KrF vera med på. Forslaget deira er altså ikkje å ta grep for fylkesvegane. Vedtaket som desse fire partia stilte seg bak er slik:

«Stortinget ber regjeringa om å utgreie ei påskjøningsordning i samband med rullering av Nasjonal transportplan, der fylkeskommunen etter ein forpliktande plan kan søkje om medfinansiering frå staten etter gitte kriterium.»

Dette vil altså tidlegast kunne vera på plass med neste Nasjonale Transportplan skal virke frå år 2021. Er dette eit godt grep for fylkesvegane? Er dette å imøtekoma næringsliv, bilorganisasjonar, entreprenørar og fylkeskommunane sine krav om å rusta opp fylkesvegane for næringslivet og dei som bur langs med ein fylkesveg og nyttar ein slik veg kvar dag for å koma seg frå og til arbeid, skule eller fritidsaktivitetar?

Det er dessverre slik at det er 50 prosent høgare sjanse for å bli utsatt for alvorlege trafikkulykker på fylkesveg enn på riksveg. Difor burde det gjerast eit større grep for fylkesvegane nå.

Til tross for at fylkesvegnettet er på 44 318 kilometer og riksvegnettet er på 10 581 kilometer, så vart det i 2016 nytta om lag 11 milliarder kroner til drift av riksvegane, mot 5 milliarder kroner til drift av fylkesvegnettet. Rekna i meter vert dette 1 040 kroner/meter for riksveg og 133 kroner/meter for fylkesveg. Dette handlar altså om kva slags rammer fylkeskommunene får frå staten til å drive godt nok vedlikehald av fylkesvegane.

Senterpartiet ynskte med vårt forslag å få resultatar alt frå neste år. I tillegg la vi i vårt alternative statsbudsjett for 2018 inn ein ekstra milliard til fylkesvegane utover det regjeringspartia la inn.

Dette er å ta grep for fylkesvegane. Ikkje slik som dei blå partia med støtte frå KrF nå gjer, som berre er eit vedtak om å be regjeringa om ei utgreiing av ei påskjøningsordning som tidlegast er på plass om 4 år.