Grensejustering og demokrati anno 2019

Meninger

Åpent brev

Takkar for at Fylkesmannen i det nye Trøndelag endeleg har klart å få ut spørreundersøkjinga si til innbyggjarane sør i Rennebu. Det var vel eit enkelt vedtak å fatte? Til no har i alle fall Fylkesmannen og Departementet vist lite anna enn arroganse ,og vegring mot å ta avgjerder i si handtering av den såkalla kommunereformen. Det er vel enno meir av desse formene for maktbruk folk i distrikta skal bli utsette for i åra som kjem, når alt skal bli “større og betre”.

Ser elles av brevet frå Fylkesmannen  at ei eventuel grensejustering skal få verknad frå første januar 2021. Håpar datoen blir justert. I september i år( 2019 )er det val til kommunestyre og Fylkesting. Først i 2023 vil dei  “nye Oppdalingene” i sørenden av Rennebu kunne delta i eit  kommuneval og i ein nominasjonsprosess for å få representasjon i Oppdal kommune. Listene til årets val er allereie ferdige. Kva for slags demokrati er dette? 450 innbyggarar vil altså vera utan  representantar i styret av  kommunen som Regjeringa og Fylkesmannen så tydeleg vil dei  skal bli ein del av. ER DETTE DEMOKRATI?

Fylkesmannen, Departementet og Regjeringa  vil ha store og slagkraftige kommunar som kan få gjennomslag for sakene sine i konkurranse med andre kommunar. Som vi alle veit har ein konkurranse berre ein vinnar, resten er taparar. Makta skal samlast i store kontor langt frå folket som må ta følgane. Ansvaret som kvar einskild  politikar og byråkrat har,  blir pulverisert i eit skjemavelde og ein iver etter å gjøyme seg bak ein eller annan paragraf.  Kvar vil vi med det Norske demokratiet?  Di lengre unna makta du er, di mindre interessant er du. Stemmen din er aldri stor nok. Problema du møter i kvardagen, helsa di,skulegongen til borna dine, antall km med bussen for å kome til skulen, plass på eit eldresenter for ein sjuk forelder. Alt dette er avgjort av nokon som aldri vil forstå dei lokale behova. Vi er berre tal i eit rekneark. Kven skal føre saka til dei som alltid vil falle utanfor systemet  når makta og pengane skal rå?

Gode sambygdingar ! Spørsmålet Fylkesmannen sender oss  er eigentleg uvesentleg. Oppdal eller Rennebu er berre geografiske namn.  Kva for verdiar skal vege tyngst for oss som samfunn. Korleis kan eg lykkast utan å trø på andre. Korleis sikrar vi tryggleiken, velferda og stemmen  til dei som er dårlegare stilt enn oss sjølve? Korleis skal alle  medlemmar av samfunnet i framtida kunne få lik sjanse  til å lykkast uansett kva for bakgrunn dei har?  Har du spurt deg sjølv nokre av desse spørsmåla er du i alle fall reflektert og vaksen nok til svare Fylkesmannen. Lykke til med avgjerda og den vidare utforminga av det Norske demokratiet.

Med helsing  

Henrik Kvendbø