Gjeninnføring av buplikt i Oppdal sentrum

Auka press på attraktive bustader kan medføre ei prisauke som kan bli tøff for folk med ein vanlig jobb og normal inntekt.

Tor Olav Naalsund fra MDG Oppdal.  Foto: Mariell Tverrå Løkås

Meninger

Av Tor Olav Naalsund, 2.plass på MDG-lista til kommunevalget

Oppdal MDG vil arbeide for eit livskraftig lokalsamfunn som er attraktivt å bu, arbeide og leve i.

Eit godt og velprøvd verktøy som legg til rette for det er buplikt. Vi meiner buplikta bør bli gjeninnført i Oppdal sentrum, og at det bør bli ein meir restriktiv politikk på dette også i grendene. Til dømes bør nye bustadfelt i grendene være for fastbuande.


Eit godt lokalsamfunn kjenneteiknast mellom anna av gode sosiale møteplassar. Slike sosiale møteplassar forutan arbeidsplassen kan i Oppdal være; idrettsbanene, kulturhuset, turområdene, skiheisen, dugnaden, handelsområde og ikkje minst grenda/ gata der ein bur.


- Svært uheldig å fjerne boplikt

Entydige høringssvar på sak om fjerning av boplikt i Oppdal sentrum.

 

Det er idag eit betydeleg antal fritidsbustader i sentrum, og det vil bli fleire med ordninga vi har idag. Fritidsinnbyggaren i Oppdal er bra folk det, ingen tvil, men dei vil naturlig ha andre behov og anna rytme i nærområdet enn den fastbuande, og dette sett sitt preg på eit område.

Dette er kanskje ikkje eit problem idag, men blir det auka press på attraktive bustader kan det mellom anna medføre ei prisauke som kan bli tøff for folk med ein vanlig jobb og normal inntekt og som vil være fastbuande i Oppdal.


MDG arbeider for ei bærekraftig framtid. Mindre reising og lågare materielt forbruk for kvar enkelt av oss er ein viktig del av ei slik framtid. Oppdal MDG vil derfor legge til rette for at vi finn det vi treng for høg livskvalitet i vårt nærområde, i livskraftige lokalsamfunn.


Opphevet boplikten

Til tross for at mindretallet kjempet en tapper kamp, og klarte å slå sprekker i alliansen i flertallet, gikk saken om nullkonsesjon tapt.