«La oss få sjå at de ynskjer heile Noreg noko godt»

Herborg Skjolden fra Rennebu har skrevet et lesarbrev og ope brev til Regjeringa om kronetillegg for frivilligheit.

Herborg Skjolden har skrevet dette leserinnlegget.   Foto: Jan Inge Flå

Meninger

Skrevet av Herborg Skjolden

Eg er skuffa!

Eg er skuffa over at regjeringen frå og med 2021 skal gi eit kronetillegg per innbyggjar til frivillig arbeid.

Eg er skuffa over at de tenkjer at dette er bra. Eg er skuffa over at de trur at dette er rettferdig.

Eg er skuffa over at de argumenterer for at det frivillige Noreg vil få meir ut av dette.

Eg er skuffa over at de ikkje ser den suverene kompetansen frivilligsentralar har erverva seg dei åra dei har vara.

Eg er skuffa over at de ikkje ser at ingen andre enn frivilligsentralar i byar og store kommunar tener på dette.

Eg er skuffa over at eg no kan sjå langt etter frivilligsentralen i Rennebu kommune og andre små og mellomstore kommunar.

Eg er skuffa over at det trur at desse kommunane vil kunne auke eige tilskott etter å ha fått kronetillegget over statsbudsjettet slik at frivilligsentralen held fram.

Eg er skuffa over at de trur at kronetillegg per innbyrjar skal vere godt nok.

Eg er provosert over at regjeringa raserer det tilbodet vi har i Noreg i dag. Eg er provosert over at folk og NFS (Norges frivilligsentraler) ikkje blei høyrt.

Eg er provosert over at den sterke kompetansen til Frivilligsentralane no blir rasert i over halvparten av landet sine kommunar!

Eg er provosert over at ikkje regjeringa ser kor mykje dei leverer på dei kronene dei no har.

«Snakk om å få mykje ut av kvar krone»!

Eg er provosert over at det er «dei sterkaste og største» som profiterer på ny ordning.

Eg er provosert over at regjeringa  tenkjer  at dersom kommunen ynskjer å halde ein frivilligsentral, må kommunen ta ansvar for resterande midler.

Eg er provosert over at regjeringa trur kommunar har moglegheit for å «fylle på» det som no blir borte av tilskott for kommunar med få innbyggjarar , og at storkommunane får meir enn nok.

Eg er lei meg for at slike kampar som dette ikkje når fram.

Eg er lei meg for at det som er opplagt for oss i kommunar rundt om ikkje blir forstått. Eg er lei meg for at vi no må klare oss utan frivilligsentral i alt for mange kommunar.

Vi kjem fortsatt til å ha frivillig arbeid i Rennebu og andre kommunar, men det frivillligsentralen i dag bidreg med er ikkje mogleg å halde fram med utan midler. Av erfaring veit eg at eit kronetillegg per innbyggjar ikkje gjer så mykje ut av seg.

Snu svært gjerne i denne saka! La oss få sjå at de ynskjer HEILE Noreg noko godt!


- Ønsker vi å ha frivilligsentraler i framtida?

- Det holder ikke å ønske, vi trenger våre politikeres aktive støtte, skriver Maj Britt Svorkdal Hess og Arne Per Bjerkås fra Rennebu Frivilligsentral i dette leserinnlegget.



- Bekymret for frivilligheten ute i distriktene

Representanter for arbeiderpartiet, både sentralt og i fylket, møtte lederne av Rennebu og Midtre Gauldal frivilligsentraler for å høre om konsekvensene av regjeringens planer om å omdisponere de årlige statlige tilskuddsmidlene som betales ut til frivilligsentralene i Norge.



- Ja til lokal frivillighet?

Maj Britt Svorkdal Hess ved Rennebu Frivilligsentral svarer på leserinnlegget til kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland og kultur- og likestillingsminister Trine Skei Grande.