Sterkt imot at dyrkamark blir brukt til boligtomter

Det hjelper lite å erstatte slik areal med nydyrking, når vi veit at nydyrking i dei aller fleste tilfelle er av dårlegare kvalitet enn den gamle.

Tor Olav Naalsund, Oppdal MDG.  Foto: Arne Rønning

Meninger

Skrevet av Tor Olav Naalsund, Oppdal MDG

Oppdal MDG meiner det er bra at det kjem fleire kommunale tomter til fastbuande i Oppdal sentrum. Det held tomtepriser for fastbuande nede og gir signal om at Oppdal kommune satsar på fastbuande. 

Oppdal MDG er imidlertid sterkt imot at dyrkamark blir brukt til slike formål. I ei tid der (store) deler av befolkninga erkjenner at vi faktisk ikkje har overflod av matproduserande areal og sterke krefter går inn for forbud på nedbygging av matjord, velger vi altså i Oppdal med eit skuldertrekk å fortsette som før (kun ein stemme imot i Bygningsrådet!)

Ja, i tilfellet Brennhaug- Mjøen er det kanskje eit lite stykke jord, men problemet til slik nedbygging, enten det er til veg, jernbane, næringsbygg eller bolig, er at summen av delane utgjer ei rask forverring av Norge sin muligheit til å brødfø eiga befolkning.

Det hjelper lite å erstatte slik areal med nydyrking, når vi veit at nydyrking i dei aller fleste tilfelle er av dårlegare kvalitet enn den gamle (den beste matjorda er allerede dyrka opp for hundrevis av år sida). Det hjelper heller ikkje å handsame matjorda som eit dødt vekstmedium, og tru at ein kan flytte jordmassane og få det til like bra ein anna plass. Erfaring og forskning viser at det blir for lettvint.

Nedbygd matjord er dermed borte for alltid. Mat som kunne vært produsert her må erstattast, og vi erstattar det med auka import av mat eller kraftfor til dyr. Dette legg beslag på matjord i andre land. Det er usolidarisk og lite klimavennleg.

I ei ikkje alt for fjern framtid vil truleg Oppdal bli enda viktigare med sitt bidrag til å forsyne befolkninga med kjøtt og mjølk produsert på (bærekraftige) grasressursar. Det er frå forskningshald (Nibio) sagt at Oppdal kan produsere adskillig meir kjøtt på utmarksressurs enn vi allerede gjer. Det forutsetter at beitedyra har nok vinterfôr, og skal det gi noko slags meining å hevde at Oppdal sitt landbruk er bærekraftig, må vinterfôret også være henta som gras i Oppdal, og ikkje som enda meir soya (kraftfôr) frå Brasil.

Oppdalslandbruket er ganske unikt på sin utstrakte vekselbruk mellom potetdyrking og grasdyrking. Da veit vi at det er svært viktig å ha rikelig med areal tilgjengeleg for skifte mellom vekstene for å unngå einsidig monokultur og dermed utarming av matjord. Vekstskifte er ein eldgammal og framtidsretta praksis der potet gir meir menneskemat pr areal enn ved grasproduksjon til sau og ku, og som samtidig sikrar bærekraftig bruk av matjorda gjennom vekstskifte og tilførsel av kortreist gjødsel frå beitedyr.

Bruk og vern av matjord handlar dermed ikkje om den enkelte grunneigar sin rett til å disponere eigen grunn, eller den enkelte kommune sin skvis mellom å hensynta ulike lokale interesser. Matjord er ein felles ressurs for oss alle, og som Rattan Lal, professor emeritus ved Ohio State University, og ein av verdas ledande eksperter på jordsmonn og foredragshaldar på Det norske vitenskapsakademi sin jordsmonnskonferanse nylig uttalte: Det må straffe seg å ødelegge grunnlaget for alt liv på jorda.