Her kjem det ein skiløpar, huffa meg. Faltura, falturilturalturei.

Et lite skråblikk på en aktuell problemstilling.

Illustrasjonsbilde fra Gjevilvassdalen.  Foto: Katrine Silseth Naas

Meninger

Falturilturei på snei

Mannen såg ut på sin setervang,

Hei, fara, sin setervang,

Den skal eg vakte på dagen lang!

Faltura, falturiltureitura.


Om husa er ramla og innkomsten skitt

Hei, fara, og innkomsten skitt

skal ingen få trakke på landet mitt!

Faltura, falturiltureiturei.


Og mannen han tenkte med sjølve seg,

Hei, fara, med sjølve seg.

Her kjem det ein skiløpar, huffa meg,

Faltura, falturilturalturei.


Og mannen han spente sin boge for kne.

Hei, fara, sin boge for kne.

Så skaut han den skiløpar'n ende ned!

Faltura, falturiltureiturei!


Du får ikkje trakke snøen min ned!

Hei, fara, snøen min ned!

For snøen er min, eg vil ha han i fred!

Faltura, falturiltureituei!


Her vil eg herske, men ikkje bu!

Hei, fara, men ikkje bu!

Kom ikkje her med ei anna tru!

Faltura, falturiltureituei!


For dette skal seiast til alle med ski:

Hei fara, til alle på ski.

Her heiter det eg, og ikkje vi!

Faltura, falturiltureiturei!


Skrevet av Kjell Berge