Minneord etter Ingeborg Hagen Sneve

Ei retteleg bygdekvinne har no funne kvile ved Vangsli-Maret.

Ingeborg Hagen Sneve (i midten på første rekke) tok imot Oppdal bygdekvinnelag på setra i Unndalen i 2009.   Foto: Privat

Meninger

For Oppdal bygdekvinnelag, leiar Randi Horvli

Ingeborg Hagen Sneve var født Hagen 23.11.1944 og døde 23.01.2020. Ei retteleg bygdekvinne har no funne kvile ved Vangsli-Maret. Som storesyster visste ho alltid kva som var venta av henne.  Ho fann etter kvart plassen sin som gardjente i respekt for foreldrearven og følgde råda frå foreldra. Setra i Unndalen fekk ligge urørt så lenge det låg snø. Noko anna var farleg. Ho viste stolt fram staden, både seterbua og seterfjøset da vi i bygdekvinnelaget var inviterte gjestar dit sommaren 2009. Ho var særleg stolt over kor fint seterfjøset var restaurert med taket tekt på nytt med skifer mot vinterstormane. Båsane i fjøset var delte med store skiferheller, og dyra mintest ho med glede. Ho hadde godt lag med både dyr og menneske. Ho var eit stille vesen, alltid blid og tenestevillig. Arbeidet sitt utførte ho med flid. Stort tolmod hadde ho – noko som kom fram gjennom handarbeid og husarbeid. I tillegg til arbeid i hus og fjøs, var ho ivrig med i syforeininga Flid der mange gevinstar kom frå hennar hender til nytte for gode formål i bygda. Det var vanleg for kvinna på garden å bli med i bondekvinnelaget den tida ho var aktiv gardbrukar. Ho var derfor medlem hos oss frå 1985 til 2014. Ho var sekretær fleire år i styret, men trekte seg derifrå da søstera Olava vart valt inn i styret. Oppdal bygdekvinnelag hadde framleis stor nytte av medlemskapen hennar og kunne rekne med hennar hjelp i dugnadene sine. Ho stilte trufast opp, og kven hugsar ikkje dei nydelege hyllkakene ho steikte og serverte med sirup og smør på Fjellmessa? – Og aldri ein klage om ho stod heile dagen der og steikte ved takka. Å halde ut med same glade sinn var også eit varemerke for denne kvinna. Så omgjengeleg og venleg mot alle, påliteleg i det ho tok på seg. Samstundes visste ho godt kva som kom først; ansvaret for garden og han ho var gift med. Dei heime venta på hennar kjærlege omsorg. Maten stod alltid klar i rett tid. No har både ho og hennar Oddvar funne kvile etter dei siste åra ved Oppdal helsesenter. Vi i Oppdal bygdekvinnelag vil med dette få takke for innsatsen frå Ingeborg og alltid minnast hennar blide vesen og verdfulle bidrag i organisasjonen.


Innfør gratis skolemat i Oppdal

Riktig mat kan bidra til at barna våre lærer mer og får de beste forutsetningene for å klare seg videre i livet.



- Nærbutikken er navet i lokalsamfunnet

Den landsomfattende Handle lokalt-dagen ble markert i Rennebu med lokal mat og ballongshow.